Høgtun Kultursenter ligg i Øyslebø, i Marnardal kommune.
Hjå oss kan de ha ulike typar selskap, seminar og møte.
![]() Magnus Skjæveslands Sal, Peisestova, Borghallen, Veslesalen, glastuben, Det blå rommet, Hobbyrommet og Mållagsstova – i tillegg til to kjøkken, to dusjrom og 6 toalettrom!
Dessutan står det eit elevrom slik som det såg ut i 1923, då Høgtun var folkehøgskule.
Velkomen til oss!
|
Ein fin stad ein kan trekkje seg tilbake med kaffekoppen etter middagen.
Peisestova har 3 massive, raude langbord med plass til 35 personar, og har i tillegg to sofagrupper med plass til totalt 15 personar.
Ståande i Peisestova finn du 28 trekvite stolar laga av elevar frå den tida Høgtun var folkehøgskule.
Som namnet viser, har me sjølvsagt peis og ved her!
Sjå omtale av fleire rom her >>
Me kan dekke til fest - til dømes til bryllaup. Me har alt som skal til av ulike bordtypar, dukar og utstyr.
Høgtun kan servere bryllaupsmiddag etter ynske, ta kontakt for å få meny og prisliste.
Her får de heile bryllaupet ”servert” og kan slappe av både i for- og etterkant. Ikkje minst er det ein føremon at me er til stades frå bryllaupsseremonien byrjar, slik at me kan ta imot evt. gåver, sidan dei fleste bryllaupsgjestene då er i kyrkja.
Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.
Me våger påstanden om at dette er den finaste staden i Agder!
AVSTANDAR til Høgtun kultursenter |
|
Oslo | 363 km |
Arendal | 109 km |
Kristiansand | 43 km |
Mandal | 20 km |
Flekkefjord | 85 km |
Stavanger | 210 km |