headerbilde

Når det gjeld utstyr, glas, servise og bestikk, så rekk dette til 120-130 gjester.

Merk at me har kjølerom i 2. høgda (kjøkkenet), i tillegg til 3 kjøleskåp nede i 1. høgda.

Høgtun har nok av koppehandklede og klutar både oppe og nede, og sørgjer for vask av dette. Likeeins er toalettpapir, handsåpe og handtørkepapir vårt ansvar. Vin- og brusopptrekkjarar har me òg nok av.

Av utstyr elles har me prosjektor, mikrofon, høgtalar, 2 stk. overhead (kontoret) og 1 stort lerret (Borghallen). I MSS er det vanleg å bruke den kvite veggen som lerret. Me minner òg om   pianoet som står i 2. høgda i Det blå rommet (kan flyttast innan den same høgda, men hugs å flytte det attende!) og at flagget ligg på kontoret (ved den eine veggen).

Det me ikkje har er tv, video, prosjektør, keyboard, mikrofon og høgtalar. Dei siste tinga vil leigetakar normalt ha tilgang på via ein innleigd musikar.

CIMG4078

face-hogtun

hogtun-brevlogo

Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.

Me våger påstanden om at dette er den finaste staden i Agder!

Kontakt Borghild Løver >>

AVSTANDAR til
Høgtun kultursenter
Oslo  363 km
Arendal 109 km
Kristiansand   43 km
Mandal   20 km
Flekkefjord   85 km
Stavanger 210 km

kart-3 


Webløsning ©2012 av Salit basert på Joomla